fredag 15. april 2011

Særdeles enkel pysjbukse





Alle proffe sydamer hevar sikkert augebryna over denne særdeles uproffe måten å sy pysjbukse på, men buksa gjorde susen her i huset. Den er rett og slett blitt favorittbuksa til 2-åringen - mjuk og god som den er.

I dette tilfellet er det viktig at du brukar eit stoff med stretch i, jersey eller liknande er supert. Eg hadde eit stoffstykke som var ca 100 cm breidt og 70 cm høgt. Om buksa vert ganske vid i beina og lang på beina, så gjer det ingenting - då kan buksa brukast lenge, og du tilpassar berre storleiken med strikkane i livet og nederst på buksebeina. Ok, her er framgongemetoden:

Legg stoffet med vrangsida ned og rettsida opp mot deg.
Brett inn stoffet mot midten frå begge sider.
Fest knappenåler slik at dei innbretta endane ligg på plass.
Sy så dei stipla svarte saumane på skissa over (ca 1-1.5 cm innafor kanten). Start nederst og sy oppover til du har sydd til litt over midten av stoffet (dette vert buksebeina).
Ta vekk alle knappenåler.
Klipp opp stoffet mellom dei stipla svarte saumane ---> du har fått to buksebein.
Nå skal saumen som vert midt bak syast.
Då brettar du stoffet / buksa slik at stoffet ligg rette mot rette i toppen. Utruleg vanskeleg å forklare, men du skal altså legge dei to stoffendane som du bretta inn mot midten innleiingsvis rette mot rette og sy den raude stipla saumen.
Når dette er gjort ser du at dette byrjar likne på ei bukse.
Nå skal du legge inn kanten oppe og nede på kvart bein og sy løpegang.
Pass på at du lar eit par cm av saumen vere åpen slik at du får tredd inn strikk i løpegangen.
Tre inn strikk (eg kjøpte litt breid strikk på hobbybutikken), men vanleg kvit systrikk fungerer kjempefint også (det finst til dømes billig strikk på KID).
Knyt strikken passe stram og klipp av strikkendar som er til overs.
Sy igjen holer der du tredde inn strikk i løpegangen.
Lag løpegang - tre inn strikk - tilpass og sy igjen holet nederst på begge buksebeina og øverst i livet.

Vips fiks ferdig pysjbukse :)

Eg håpar dette var forståeleg, og masse lukka til med dine heimelaga pysjbukser! Spør om noko er uklart :)

3 kommentarer:

  1. For en fin pysj-bukse, på søte godingen din! :)
    Tuusen takk for at du deler oppskriften. Den må så klart testes! :)
    God påske!
    KLEM fra Inger-Lise

    SvarSlett
  2. Superenkelt! Tusen takk for at du deler! Jeg syr stort sett alle pysj/kosebukser til ungene selv, og nå blir det kjapt og enkelt nå! Så bra! :o)
    Ha en fortsatt fin dag!

    SvarSlett
  3. Hei! Superkjekk pysjbukse! Skal sy en slik til tantebarnet mitt, men lurer på hvordan du beregner størrelsene?

    SvarSlett