onsdag 10. februar 2010

Hue i rillestrikk

Hugs at eg er ingen strikkeguru. Har du tips til forbetringar av mønsteret så kontakt meg gjerne :)

Garn: Drops Alpakka
Pinne: 5
Hua strikkast att og fram i dobbelt garn (ein tråd frå to nøster, eller frå begge endar av samme nøste)

1 rille = strikk rett fram og tilbake

Størrelse: 6-9 mnd (2-8 år) vaksen
Legg laust opp 64 (72 ) 76 masker med dobbelt garn på pinne nr 5.
Strikk fram og tilbake til du har 14 (19) 22 riller.
Så skal du byrje felle ved å strikke saman masker som fylgjer:
På neste pinne frå rettsida (den sida du har 14 (19) 22 rilller), strikk 6 rette, 2 rett saman, 6 rette, 2 rett saman osv. omgongen ut
Strikk ei rille utan felling
Neste omgong: strikk 5 rette, 2 rett saman, 5 rette, 2 rett saman, omgongen ut
Strikk ei rille utan felling
Slik fortset du. Strikk ei mindre maske mellom kvar 2 masker du strikkar saman (4 rette & 2 rett saman, 1 rille, 3 rette & 2 rett saman, 1 rille, 2 rette & 2 rett saman, 1 rille, 1 rett & 2 rett saman). Til slutt strikkar du 2 og 2 masker saman, og når du har mindre enn 6 masker igjen på pinnen feller du berre rett av.

Så skal du sy saman hua til det som vert baksamumen. Eg viser nokre bilete for å vise korleis eg gjer dette:


Byrje å sy saman i nedre kant

Brukar stoppenål og plukkar opp ei maske frå høgre side...

...og plukkar opp ei maske frå samme rille på venstre side.

Trekker tråden gjennom




Fortset slik til alle rillene er sydd i kvarandre. Fest tråden godt i toppen. Prøver å sy slik i toppen at den vert forma rund og fin og ikkje spiss (på jentehuer).
Resultatet bak vert slik:


På jentehuer pleier eg å hekle picotkant i ein kontrastfarge. Dersom du ikkje veit korleis det heklast finst det garantert bruksanvisning for det ute i cyberspace ;)
På guttehuer heklar eg ofte ein kant av stavar nederst. I tillegg strikkar eg ofte ein slags tupp på toppen av hua ved å strikke 5 riller på dei siste 10-12 maskene på pinnen før eg feller av.
På hua under har eg i tillegg strikka ei hempe til å ha under haka slik: La opp 24 masker laust med dobbelt garn på pinne nr 5. Strikka tre riller før eg felte av. Festa hempa i eine sida på hua. I den lause enden av hempa hekla eg 2 omgongar med 4 stavar i samme farge som kantmaskene, lagde ei løkke av luftmasker (stor nok til å passe knappen eg skulle bruke) og festa denne godt. Sydde i knapp, og sim sala bim finito.


Kjempekjekt om fleire vil strikke rillehue, og gje meg gjerne ein kommentar under med lenke slik at eg får sjå dine huer :)
Tvi tvi!

tirsdag 2. februar 2010

Fargerike hårklemmer


Til desse hårklemmene har eg brukt hårklemmer frå Panduro med hol til å feste pynt på (aner ikkje kva dei heiter), retro stoff og små knappar frå farmors knappeskrin.

Teikn ein sirkel på størrelse med ein 5-kroning på baksida av stoffet. Klipp ut ca 3 mm utanfor sirkelen. Tråkle med dobbel sytråd i den teikna sirkelen og snurp saman. Bruk samme sytråden til å feste den samansnurpa stoffsirkelen til hårklemma. Skjul samansnurpinga med ein fin knapp eller ei perle. Bruk gjerne fargerikt broderigarn til å feste knappen.

Pynten kan vere alt frå yndig og søt til røff og tøff alt utifrå kva fargar ein velgjer på både klemmer og stoff og knappar. Det som er sikkert og visst er at ingen har make :)

Velbekomme!