onsdag 10. februar 2010

Hue i rillestrikk

Hugs at eg er ingen strikkeguru. Har du tips til forbetringar av mønsteret så kontakt meg gjerne :)

Garn: Drops Alpakka
Pinne: 5
Hua strikkast att og fram i dobbelt garn (ein tråd frå to nøster, eller frå begge endar av samme nøste)

1 rille = strikk rett fram og tilbake

Størrelse: 6-9 mnd (2-8 år) vaksen
Legg laust opp 64 (72 ) 76 masker med dobbelt garn på pinne nr 5.
Strikk fram og tilbake til du har 14 (19) 22 riller.
Så skal du byrje felle ved å strikke saman masker som fylgjer:
På neste pinne frå rettsida (den sida du har 14 (19) 22 rilller), strikk 6 rette, 2 rett saman, 6 rette, 2 rett saman osv. omgongen ut
Strikk ei rille utan felling
Neste omgong: strikk 5 rette, 2 rett saman, 5 rette, 2 rett saman, omgongen ut
Strikk ei rille utan felling
Slik fortset du. Strikk ei mindre maske mellom kvar 2 masker du strikkar saman (4 rette & 2 rett saman, 1 rille, 3 rette & 2 rett saman, 1 rille, 2 rette & 2 rett saman, 1 rille, 1 rett & 2 rett saman). Til slutt strikkar du 2 og 2 masker saman, og når du har mindre enn 6 masker igjen på pinnen feller du berre rett av.

Så skal du sy saman hua til det som vert baksamumen. Eg viser nokre bilete for å vise korleis eg gjer dette:


Byrje å sy saman i nedre kant

Brukar stoppenål og plukkar opp ei maske frå høgre side...

...og plukkar opp ei maske frå samme rille på venstre side.

Trekker tråden gjennom




Fortset slik til alle rillene er sydd i kvarandre. Fest tråden godt i toppen. Prøver å sy slik i toppen at den vert forma rund og fin og ikkje spiss (på jentehuer).
Resultatet bak vert slik:


På jentehuer pleier eg å hekle picotkant i ein kontrastfarge. Dersom du ikkje veit korleis det heklast finst det garantert bruksanvisning for det ute i cyberspace ;)
På guttehuer heklar eg ofte ein kant av stavar nederst. I tillegg strikkar eg ofte ein slags tupp på toppen av hua ved å strikke 5 riller på dei siste 10-12 maskene på pinnen før eg feller av.
På hua under har eg i tillegg strikka ei hempe til å ha under haka slik: La opp 24 masker laust med dobbelt garn på pinne nr 5. Strikka tre riller før eg felte av. Festa hempa i eine sida på hua. I den lause enden av hempa hekla eg 2 omgongar med 4 stavar i samme farge som kantmaskene, lagde ei løkke av luftmasker (stor nok til å passe knappen eg skulle bruke) og festa denne godt. Sydde i knapp, og sim sala bim finito.


Kjempekjekt om fleire vil strikke rillehue, og gje meg gjerne ein kommentar under med lenke slik at eg får sjå dine huer :)
Tvi tvi!

9 kommentarer:

  1. denne vil jeg prøve meg på!! ikke verst med en ekte prinsesselue:) blomsten- vil du legge ut en oppskrift på den også??:) den var suupersøt!!

    SvarSlett
  2. Hei, lua di er jo mange ganger så fin som den kongelige.
    Den blomsten gjør virkelig susen... Vet ikke om jeg takler å strikke den. Jeg vil så gjerne, men det er noe med kjemien ml meg og strikkepinnene :-)
    Ha en fin fin onsdag :-)

    SvarSlett
  3. Tusen takk for oppskrift! Den skal jeg jammen prøve:-)

    SvarSlett
  4. Du er så flink, og oppfinnsom. Syns det er så arti å følge med. Er innom hver dag for å se om noe nytt har dukka opp.. :) Ha en fin dag! Klem fra Cathrine, uten egen blogg...

    SvarSlett
  5. Denne skal jeg sette i gang med i kveld. Håper det er greit jeg linker til deg fra bloggen min :)

    SvarSlett
  6. jeiii.. min første rillelue er snart ferdig! Bare sy sammen og litt gutteheklepynt så er den klar! dette var morrosamt!

    ~E

    SvarSlett
  7. Ferdig med luen min jeg også, må bare finne passende pynt :)

    SvarSlett
  8. Så fine ting du lager. Kjempefint med den lille blondekanten nederst!

    SvarSlett
  9. Hei
    Så fine bloggar du har, eg er stadig innom bloggane dine, du er så kreativ, ein blir glad av slikt:)
    Eg har strikka ferdig ei lue no, det ligger bilete på den nystarta bloggen min. Eg er ikkje så god på å legge til linkar o.l endå, så om du vil sjå kan du klikke på bloggen bare.
    Neste gong trur eg at eg prøvar å strikke lua litt lengre, ho blei nok litt kort til hovudet mitt.Eller kansje eg skal prøve på ein guttemodell, dei var kjempekule:)

    SvarSlett