fredag 15. april 2011
Særdeles enkel pysjbukse
Alle proffe sydamer hevar sikkert augebryna over denne særdeles uproffe måten å sy pysjbukse på, men buksa gjorde susen her i huset. Den er rett og slett blitt favorittbuksa til 2-åringen - mjuk og god som den er.
I dette tilfellet er det viktig at du brukar eit stoff med stretch i, jersey eller liknande er supert. Eg hadde eit stoffstykke som var ca 100 cm breidt og 70 cm høgt. Om buksa vert ganske vid i beina og lang på beina, så gjer det ingenting - då kan buksa brukast lenge, og du tilpassar berre storleiken med strikkane i livet og nederst på buksebeina. Ok, her er framgongemetoden:
Legg stoffet med vrangsida ned og rettsida opp mot deg.
Brett inn stoffet mot midten frå begge sider.
Fest knappenåler slik at dei innbretta endane ligg på plass.
Sy så dei stipla svarte saumane på skissa over (ca 1-1.5 cm innafor kanten). Start nederst og sy oppover til du har sydd til litt over midten av stoffet (dette vert buksebeina).
Ta vekk alle knappenåler.
Klipp opp stoffet mellom dei stipla svarte saumane ---> du har fått to buksebein.
Nå skal saumen som vert midt bak syast.
Då brettar du stoffet / buksa slik at stoffet ligg rette mot rette i toppen. Utruleg vanskeleg å forklare, men du skal altså legge dei to stoffendane som du bretta inn mot midten innleiingsvis rette mot rette og sy den raude stipla saumen.
Når dette er gjort ser du at dette byrjar likne på ei bukse.
Nå skal du legge inn kanten oppe og nede på kvart bein og sy løpegang.
Pass på at du lar eit par cm av saumen vere åpen slik at du får tredd inn strikk i løpegangen.
Tre inn strikk (eg kjøpte litt breid strikk på hobbybutikken), men vanleg kvit systrikk fungerer kjempefint også (det finst til dømes billig strikk på KID).
Knyt strikken passe stram og klipp av strikkendar som er til overs.
Sy igjen holer der du tredde inn strikk i løpegangen.
Lag løpegang - tre inn strikk - tilpass og sy igjen holet nederst på begge buksebeina og øverst i livet.
Vips fiks ferdig pysjbukse :)
Eg håpar dette var forståeleg, og masse lukka til med dine heimelaga pysjbukser! Spør om noko er uklart :)
søndag 21. mars 2010
Sprelske påskehøner
Bileta talar stort sett for seg sjølv.
Klipp ut nebb, hanekam og hale i eit litt stivt stoff. Eg har brukt ullfilt, men vanleg filt er også supert.
Legg delane oppå rettsida av stoffet sånn cirka slik:
Legg det andre stoffet forsiktig over. Forsiktig for at delane ikkje skal forflytte seg.
Fest med knappenåler der kvar laus del er plassert:
Sy rundt den bua kanten og klipp bort bitar som stikk utforbi.
Vreng og stapp i stappevatt. Bruk ein assistent til denne jobben om du har ein ;)
Brett inn nedre kant og legg inn beina. Sy kanten. Du kan nå forme nebb, hanekam og hale meir med saksa til dei har den fasongen du er ute etter.
Sy i ein knapp til auge på kvar side, og vips fiks ferdig sprelsk påskehøne. Eller eventuelt heilårshøne om du vil ;)
onsdag 10. februar 2010
Hue i rillestrikk
Hugs at eg er ingen strikkeguru. Har du tips til forbetringar av mønsteret så kontakt meg gjerne :)
Garn: Drops Alpakka
Pinne: 5
Hua strikkast att og fram i dobbelt garn (ein tråd frå to nøster, eller frå begge endar av samme nøste)
1 rille = strikk rett fram og tilbake
Størrelse: 6-9 mnd (2-8 år) vaksen
Legg laust opp 64 (72 ) 76 masker med dobbelt garn på pinne nr 5.
Strikk fram og tilbake til du har 14 (19) 22 riller.
Så skal du byrje felle ved å strikke saman masker som fylgjer:
På neste pinne frå rettsida (den sida du har 14 (19) 22 rilller), strikk 6 rette, 2 rett saman, 6 rette, 2 rett saman osv. omgongen ut
Strikk ei rille utan felling
Neste omgong: strikk 5 rette, 2 rett saman, 5 rette, 2 rett saman, omgongen ut
Strikk ei rille utan felling
Slik fortset du. Strikk ei mindre maske mellom kvar 2 masker du strikkar saman (4 rette & 2 rett saman, 1 rille, 3 rette & 2 rett saman, 1 rille, 2 rette & 2 rett saman, 1 rille, 1 rett & 2 rett saman). Til slutt strikkar du 2 og 2 masker saman, og når du har mindre enn 6 masker igjen på pinnen feller du berre rett av.
Så skal du sy saman hua til det som vert baksamumen. Eg viser nokre bilete for å vise korleis eg gjer dette:
Byrje å sy saman i nedre kant
Brukar stoppenål og plukkar opp ei maske frå høgre side...
...og plukkar opp ei maske frå samme rille på venstre side.
Trekker tråden gjennom
Fortset slik til alle rillene er sydd i kvarandre. Fest tråden godt i toppen. Prøver å sy slik i toppen at den vert forma rund og fin og ikkje spiss (på jentehuer).
Resultatet bak vert slik:På jentehuer pleier eg å hekle picotkant i ein kontrastfarge. Dersom du ikkje veit korleis det heklast finst det garantert bruksanvisning for det ute i cyberspace ;)
På guttehuer heklar eg ofte ein kant av stavar nederst. I tillegg strikkar eg ofte ein slags tupp på toppen av hua ved å strikke 5 riller på dei siste 10-12 maskene på pinnen før eg feller av.
På hua under har eg i tillegg strikka ei hempe til å ha under haka slik: La opp 24 masker laust med dobbelt garn på pinne nr 5. Strikka tre riller før eg felte av. Festa hempa i eine sida på hua. I den lause enden av hempa hekla eg 2 omgongar med 4 stavar i samme farge som kantmaskene, lagde ei løkke av luftmasker (stor nok til å passe knappen eg skulle bruke) og festa denne godt. Sydde i knapp, og sim sala bim finito.
Kjempekjekt om fleire vil strikke rillehue, og gje meg gjerne ein kommentar under med lenke slik at eg får sjå dine huer :)
Tvi tvi!
tirsdag 2. februar 2010
Fargerike hårklemmer
Til desse hårklemmene har eg brukt hårklemmer frå Panduro med hol til å feste pynt på (aner ikkje kva dei heiter), retro stoff og små knappar frå farmors knappeskrin.
Teikn ein sirkel på størrelse med ein 5-kroning på baksida av stoffet. Klipp ut ca 3 mm utanfor sirkelen. Tråkle med dobbel sytråd i den teikna sirkelen og snurp saman. Bruk samme sytråden til å feste den samansnurpa stoffsirkelen til hårklemma. Skjul samansnurpinga med ein fin knapp eller ei perle. Bruk gjerne fargerikt broderigarn til å feste knappen.
Pynten kan vere alt frå yndig og søt til røff og tøff alt utifrå kva fargar ein velgjer på både klemmer og stoff og knappar. Det som er sikkert og visst er at ingen har make :)
Velbekomme!
lørdag 30. januar 2010
Kanzashi blomst
Kanzashi blomst slik eg gjer det.
Klipper 6 bitar av mellomkraftig bomullstoff etter ein mal i papp (8x8 cm)
Brett dobbelt.
Brett høgre og venstre spiss ned mot nedre spiss.
Snu medan du held godt, slik at det du bretta først held seg på plass. Brett høgre og venstre spiss inn mot midten
Brett dette saman, slik at det som nå er høgre og venstre spiss ligg mot kvarandre
Hald godt medan du snur. Vips har du laga eit av seks kronblad:
Stikk ei knappenål gjennom der du holdt, og lag dei fem andre kronblada.
Klipp bort overflødig stoff under knappenåla, slik eg har gjort på desse:
For å sikre at kronblada held fasongen pleier eg sy nokre sting som samlar alle stofflaga i klippekanten før eg syr saman alle kronblada ca der knappenålene stod.
For å sikre at blomsten held fasongen pleier eg sy mange små sting både på fram- og baksida av midtpartiet.
På framsida festar eg ein knapp.
På baksida har du fleire val.
Dersom blomsten skal hengjast opp kan du ha ein knapp på baksida også.
Dersom du skal bruke den som brosje, limer du på ein liten sirkelforma filtbit, og fester ei brosjenål til denne.
Du kan også sy blomsten fast til gjenstanden den skal dekorere utan å feste noko på baksida.
Prøv også med ulike storleikar på firkantane for å få varierande storleik på blomstane.
Lukka til :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)