søndag 21. mars 2010

Sprelske påskehøner


Bileta talar stort sett for seg sjølv.
Klipp ut nebb, hanekam og hale i eit litt stivt stoff. Eg har brukt ullfilt, men vanleg filt er også supert.


Legg delane oppå rettsida av stoffet sånn cirka slik:

Legg det andre stoffet forsiktig over. Forsiktig for at delane ikkje skal forflytte seg.

Fest med knappenåler der kvar laus del er plassert:

Sy rundt den bua kanten og klipp bort bitar som stikk utforbi.


Vreng og stapp i stappevatt. Bruk ein assistent til denne jobben om du har ein ;)


Brett inn nedre kant og legg inn beina. Sy kanten. Du kan nå forme nebb, hanekam og hale meir med saksa til dei har den fasongen du er ute etter.


Sy i ein knapp til auge på kvar side, og vips fiks ferdig sprelsk påskehøne. Eller eventuelt heilårshøne om du vil ;)