lørdag 30. januar 2010

Kanzashi blomst

Kanzashi blomst slik eg gjer det.
Klipper 6 bitar av mellomkraftig bomullstoff etter ein mal i papp (8x8 cm)
Brett dobbelt.
Brett høgre og venstre spiss ned mot nedre spiss.
Snu medan du held godt, slik at det du bretta først held seg på plass. Brett høgre og venstre spiss inn mot midten
Brett dette saman, slik at det som nå er høgre  og venstre spiss ligg mot kvarandre
Hald godt medan du snur. Vips har du laga eit av seks kronblad:
Stikk ei knappenål gjennom der du holdt, og lag dei fem andre kronblada.
Klipp bort overflødig stoff under knappenåla, slik eg har gjort på desse:

For å sikre at kronblada held fasongen pleier eg sy nokre sting som samlar alle stofflaga i klippekanten før eg syr saman alle kronblada ca der knappenålene stod.

For å sikre at blomsten held fasongen pleier eg sy mange små sting både på fram- og baksida av midtpartiet.
På framsida festar eg ein knapp.
På baksida har du fleire val.
Dersom blomsten skal hengjast opp kan du ha ein knapp på baksida også.
Dersom du skal bruke den som brosje, limer du på ein liten sirkelforma filtbit, og fester ei brosjenål til denne.
Du kan også sy blomsten fast til gjenstanden den skal dekorere utan å feste noko på baksida.

Prøv også med ulike storleikar på firkantane for å få varierande storleik på blomstane.

Lukka til :)